Referat fra sist styremøte holdt 10.februar
Villingurdamene
En evaluering og gjennomgang av siste treff med Villingurdamene.
Det skal ikkje heite Villingurdamene lenger, men Villingurgjengen. Dette fordi alle skal få tilbod om å delta på dette.
Elles vart det ytra ynskje om å ha taumekøyringskurs, treff (treningshelg) for Villingurs ungdomar.
Evaluering av Hallstevnet
Det vart eit koseleg arrangement.
Det kunne vore ein høgtalar utanfor for betre informasjon til ryttarane.
Temakvelden 4.februar
Dei som var der var veldig nøgde
Villinguren
Skal dette kun vere web-basert? Er det fortsatt behov for å motta Villinguren i posten/papirutgivelse. Kva er kostnaden?
Forslag: Folk skal få høve til å be om å få nyhende i posten. (Ei utskrift frå nettsida.)
Kostnadane ved trykking av Villinguren må Villingur ta sjølv, og evt. søke om kulturmidlar.
Løysing: Me vil spør/oppmode personar til å skrive til heimesida. Styret vil og gi høve for dei som ikkje meistrar dataverda til å få nyhende frå nettsida tilsendt i posten.
Æresmedlemmer i klubben:Me vil få til ei ordning slik at dei får Villingurnytt i posten, og Forum om det let seg gjere.
Halltreningar
Fungerer greitt er responsen frå dei som deltek. Sett opp fram til 10. mars.
Konkurransetreningar
Kjekt å kome i gang med. Har vore anna kvar onsdag tidlegare. Starter opp etter siste halltreninga. Onsdag 19. mars 2014.
Dommerseminar
Skal klubben melde på dommarane automatisk til dommarseminaret?
Svar: Klubben melder ikkje på, men dekker billegaste reis til dommarseminaret. Villingur har dekka dommarseminaret for dommarane sine, difor får ikkje dommarane betalt
Dommerkurs er avtalt med Erik Andersen 11. – 12. oktober