Siste nytt fra styreleder

Kjære medlemmer av Villingur Islandshestforening

Her kjem ein haug med invitasjonar til deg.

– Fyrstkomande laurdag 8.09.12 er sett av til dugnad frå klokka 10.00 og utover.  Ps. det vert gratis grillmat til dugnadsfolket.

– Laurdag 8-09.12 er og sett av til dugnadsfest for dugnadsgjengen under Krabbefestivalen. Festen byrjar klokka 20.00.  PS: Ungdomane plar få ei eiga ordning med ein form for alkoholfritt arrangement. Dette kjem frå ungdomsrepresentanten.

Torsdag 13.09.12 er sett av til medlemsmøte. Har du saker er det flott om du sender dei på e-post til meg.

Informasjon:
Ellers har eg den gleda å informere om at klubben fekk inn omlag 66.000 kroner på årets Krabbefestival og omlag 30.000 på Hestemarknaden. Dette er svært bra jobba alle saman! Tusen takk for innsatsen.

Håper så mange som mogleg kan vere med på dei planlagte aktivitetane framover.

Vell møtt.

For styret
Jofrid Åsland